Etter at du har skaffa deg det «underlagsmaterialet» du treng, sjekk om:
-
om du kan:
- søke sjølv eller,
- må leige ein fagperson (ansvarleg søkar) som kan gjere jobben for deg
-
om byggeprosjektet er i konflikt med gjeldande reglar på din eigedom.
Etter at du har skaffa deg det «underlagsmaterialet» du treng, sjekk om byggeprosjektet er i konflikt med gjeldande reglar på din eigedom:
Vi har utarbeidd eit dokument som det er lurt at du lagrar på din private data, og som du aktivt brukar i det vidare arbeidet.
Det dokumentet kan du notere i, undervegs i planlegginga.
Generelle illustrasjonar (PDF, 314 kB)
HJELPEDOKUMENT_RIVE_NAUST (DOCX, 28 kB)
Søknadspliktig eller ikkje?
Naust
Rive naust er alltid søknadspliktig.
I tabellen under ser du om du kan søke sjølv eller ikkje.
Kolonne 2: alle krava i denne kolonnen må vere innfridd for å kunne utarbeide og sende inn byggesøknad på eiga hand.
Naust
|
Søknadspliktig, men kan søke sjølv dersom:
|
|
Grunnflate BYA (bygd areal)
|
70 m² eller mindre
Fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd
|
|
Bruksareal BRA
|
70 m² eller mindre
Fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd
|
|
Etasje
|
Maks 1 etasje
Fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd
|
|
Plassering - avstand til andre bygg på naboeigedom
|
2 m om bygningane er under 50 m2, 8 m om bygningane er over 50 m2
Fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd
|
|
Plassering - avstand til nabogrenser
|
1 m om bygget er under 50 m2, 4 m om bygget er over 50 m2
Fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd
|
|
Bruk
|
Ikkje varig opphald, bueining eller til overnatting
Fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd
|
|
Bebyggelse
|
Eigedomen må vere bebygd med minimum eit bygg tilsvarande ein bustad
Tiltaket er søknadspliktig dersom kravet ikkje blir innfridd
|
|
Andre krav kan også sette grenser for om du kan rive på eigedomen din eller ikkje, uavhengig av om du må søke eller ikkje.
Det første du må gjere er å lese grundig over reguleringsplan for din eigedom for å sjå om det står noko om tilgjenge til å rive.
Regulert føremål
Eventuelle krav eller restriksjonar finn du i reguleringsplanen og føresegnene for din eigedom.
Illustrasjonen viser utsnitt av ein reguleringsplan
Omsynssoner
Vidare må du sjekke om eigedommen din ligg under ei omsynssone som kan sette grenser for riving.
Sjekk om det er teikna inn ein eller fleire omsynssoner på eigedomen det skal rivast på. Dette sjekkar du i reguleringsplanen eller i arealdelen til kommuneplanen.
Aktuelle omsynssoner ved riving er:
Ta kontakt med kommunen for rådføring og vidare prosess dersom eigedomen er rørt av ei slik sone. Send e-post til post@giske.kommune.no. Hugs å informere om gards- og bruksnummer, og kva det gjeld.
SEFRAK / bevaringsverdig
Er bygg bevaringsverdig må det innhentast uttale / godkjenning frå kulturminnemyndigheitene jf. SAK10 § § 19-3, 6-2.
Er huset bygd før 1900 må du kontakte kulturkontoret i kommunen. Send e-post til post@giske.kommune.no. Husk å oppgi gards- og bruksnummer og kva det gjeld.
På bakgrunn av rettleiinga du no har gått gjennom skal du kunne vite om du:
Må søke kommunen om løyve til riving
Kan rive utan å søke kommune om løyve
Trykk på ein av boksane over for vidare rettleiing.