ENDRE HYTTE OG ANNEKS

Endring av eksisterande byggekonstruksjonar har ulike reglar basert på kva som er ønska endra. Dette blir i hovudsak definert som:   

  • Tilbygg 

  • Påbygg 

  • Underbygg/kjellar 

Illustrasjonen under forklarar dei forskjellige formene for utviding.
 

                      Tilbygg

 

Påbygg

 

Underbygg/kjellar

 

 

 

 

 

Ei utviding av eksisterande bygg «bortover» slik at grunnflata blir endra, er eit tilbygg.

 

Eks. bygge ein utvendig bod

 

Ei utviding av eksisterande bygg rett oppover i vertikalplanet er eit påbygg.

 

Eks. bygge eit loft

 

Ei utviding av eksisterande bygg rett ned i vertikalplanet er eit underbygg.

 

Eks. bygge ein kjellar

 

I tillegg til utviding av eksisterande byggkonstruksjonar, kan ein også endre fasaden eller bruken av byggekonstruksjonen. Vi kallar det då:

  • Fasadeendring
  • Bruksendring

Fasadeendring er hovudsakeleg endringar som påverkar utsjånad til bygget (skifte dør, vindauge, tak m.m.)

Bruksendring er endringar av bruken av bygget, eller eit rom i bygget.

Søknadspliktig eller ikkje?
Tilbygg
Påbygg
Underbygg/kjellar
Fasadeendring
Bruksendring
Andre krav kan også sette grenser for om du kan gjere endring på eigedomen, uavhengig av om du må søke eller ikkje. Desse krava kan du sjekke ved å gå gjennom lista under.
Regulert føremål
Grad av utnytting
Byggegrense
Byggeskikk
Avstand frå sjø og vassdrag
Veg
Avstand frå kommunale vatn- og avløpsleidningar
Brannkrav
Omsynssoner
Andre krav?
Naturfare - kvikkleire

 

På bakgrunn av rettleiinga du no har gått gjennom skal du kunne vite om du:  

Må søke kommunen om dispensasjon og byggeløyve

         Ønsker å søke kommunen om dispensasjon         

                Må søke kommunen om byggeløyve                

Trykk på ein av boksane over for vidare rettleiing.