Skuleskyss

Elevar som har meir enn 4 km til skulen (2 km for førsteklassingar) har rett til gratis skuleskyss. Elevar kan og ha rett på skyss på grunn av farleg skuleveg. Elevar med varig eller midlertidig nedsett funksjonsevne, kan ha rett på skuleskyss uavhengig av avstand til skulen.

Skulane melder inn skyssbehov for elevane. Dette gjeld både dei som har vanleg skyssrett og dei som har bruk for skyss på grunn av varig eller midlertidig nedsett funksjonsevne.

Dersom du meiner at ditt barn har rett på skuleskyss, kan du ta kontakt med skulen.

Tilsette i skulen finn alle opplysningar dei treng på sidene til Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Viktige lenker

Ukraina