Behov for ekstra støtte i barnehagen

Tilrettelegging i barnehage for barn med nedsett funksjonsevne

Kommunen har etter barnehagelova § 37 plikt til å sikre at barn med nedsett funksjonsevne får et eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Tilrettelegginga skal bidra til at barn med nedsett funksjonsevne drar nytte av opphaldet i barnehagen. Plikta til å legge til rette gjeld ikkje tiltak som inneber en uforholdsmessig byrde for kommunen. 

Rett til tilrettelegging

Tilrettelegginga gjeld tiltak som er nødvendige for å sikre at barn med nedsett funksjonsevne kan nyttiggjere seg av barnehagetilbodet på lik linje med andre barn, alle skal få likeverdige utviklings- og aktivitetsmoglegheiter. Nokre eksempel på kva ordninga omfattar er nedsett syn eller høyrsel, nedsett bevegelsesfunksjon, hjartesjukdomar, lungesjukdomar og diagnosar innanfor autismespekteret. Nedsett kognitiv funksjonsevne, som inneber redusert evne til mentale prosessar som språk, hukommelse, informasjonsbearbeiding, problemløysing og utvikling av kunnskap og erfaringar, er også omfatta (Ot.prp. nr. 44 (2007-2008) s. 91).

Sjølv om omgrepet nedsett funksjonsevne skal forståast vidt, må tilretteleggingsbehovet vere av ein viss varigheit og styrke for at den skal kunne grunngje eit krav om individuell tilrettelegging. Det er ikkje noko krav til varigheit eller alvorleghetsgrad, men det er forutsett at det bli gjort ein avgrensing mot forbigåande eller bagatellmessige forhold som ikkje påverkar funksjonsevna i særleg grad. Tilretteleggingsplikta blir avgrensa mot tilfelle som er av forbigåande art, til dømes ei knekt hand.

Kommunens plikt til å legge til rette barnehagetilbodet gjeld der kor tilretteleggingsbehovet er større enn det som barnehageeiar kan gjere innanfor det ordinære barnehagetilbodet.

Organisering av tilrettelegging

Tilrettelegging kan innebere at barnehagen har nødvendig utstyr, støtte til bygningsmessige endringar, støtte til ekstra bemanning, rettleiing eller andre tiltak. Barnehagen må tilsette personell ved støtte til ekstra bemanning. 

Korleis søke om tilrettelegging

Føresette og/eller barnehagen tar initiativ til å søke om tilrettelegging. Barnehagen og barnets føresette fyller ut søknaden i samarbeid. Nedsett funksjonsevne skal kunne dokumenterast (Ot.prp. nr 44 (2007-2008) punkt s.181). Dokumentasjon kan vere frå lege, fysioterapeut, spesialisthelseteneste, PPT. Det er ikkje nødvendig med sakkunnig vurdering frå PPT, dersom det ikkje og vert søkt om spesialpedagogisk hjelp. Kommunen gjer vedtak og søknadar behandlast gjennom heile året. Føresette har klagerett på vedtaket.

Barnehagane nyttar skjema:  Melding om behov for tilrettelegging jf. barnehagelova § 37 | Giske kommune - Offentlege dokument (oppdaterte versjonar) (ksx.no)

Lovheimel

Lov om barnehagar kapittel VII Spesialpedagogisk hjelp.

                § 37 Barn med nedsatt funksjonsevne