Informasjon om tidleg-og førehandsrøysting 2023

Du kan tidlegrøyste på førehand innanlands allereie frå måndag 3. juli på Giske rådhus. 
Ordinær førehandsrøysting startar 10. august.

Du kan røyste på førehand innanlands allereie frå måndag 3. juli. 

I perioden 3. juli til 9. august kan du tidlegrøyste på Giske rådhus, servicekontoret. Opningstida er frå kl. 1000 - 1400.

Ordinær førehandsrøysting startar 10. august på Giske rådhus, servicekontoret. Opningstida er frå kl. 0900 - 1500. Frå 28. august vil det vere utvida opningstid til kl. 1900 på mandagar og torsdagar.
Det vil også bli høve til å røyste ved helse- og sosialinstitusjonane, nærmare informasjon om dette blir kunngjort seinare. 

Under tidlegrøysting og førehandsrøysting kan ein røyste i alle landets kommunar. På Valtinget 11. september kan ein kun røyste i den kommunen ein er folkeregistrert. 

Manntal:
Du er innført i manntalet i den kommunen du er registrert i Folkeregisteret som busett 
30. juni 2023.

Manntalet ligg ute til offentleg ettersyn på rådhuset frå ca. 11. juli. 

Du kan kontrollere  om du er innført i manntalet ved å kontakte kommunen din, 
anten per telefon, e-post eller oppmøte på rådhuset.

Dette må du ta med til vallokalet:
- Gyldig identifikasjon med bilete
- Dersom du har motteke valkortet ditt, kan du ta med anten digitalt eller på papir (men du får også røysta utan valkort).

Godt val!