Førehandsrøysting opna 10.august 2023

Førehandsrøystinga til kommunestyreval og fylkestingsval starta idag 10. august 2023 på rådhuset!

Ordinær førehandsrøysting startar 10. august på Giske rådhus, servicekontoret. Opningstida er frå kl. 0900 - 1500.  Du kan førehandsrøyste fram til fredag 8. september kl. 15. 

Frå 28. august vil det vere utvida opningstid til kl. 1900 på mandagar og torsdagar.
Det vil også bli høve til å røyste ved helse- og sosialinstitusjonane, nærmare informasjon om dette blir kunngjort seinare. 

Under tidlegrøysting og førehandsrøysting kan ein røyste i alle landets kommunar. På Valtinget 11. september kan ein kun røyste i den kommunen ein er folkeregistrert. 

Manntal:
Du er innført i manntalet i den kommunen du er registrert i Folkeregisteret som busett 
30. juni 2023.

Manntalet ligg ute til offentleg ettersyn på rådhuset frå ca. 11. juli. 

Du kan kontrollere  om du er innført i manntalet ved å kontakte kommunen din, 
anten per telefon, e-post eller oppmøte på rådhuset.

Dette må du ta med til vallokalet:
- Gyldig identifikasjon med bilete
- Dersom du har motteke valkortet ditt, kan du ta med anten digitalt eller på papir (men du får også røysta utan valkort).

Godt val!