Informasjon om arbeid og godtgjersle for røystestyre og valmedarbeidarar

Ønskjer du arbeide med avvikling av val i Giske kommune?
Alle valmedarbeidarar får obligatorisk opplæring i forkant. I tillegg må ein rekne å delta på rigging av vallokalet dagen før valtinget, samt ein arbeidsdag frå kl. 0830 - 2100 på valdagen. Mange må også påreknast å delta på teljing og rapportering av valresultat etter kl. 2100.

Ta kontakt med Valansvarleg Ingvild Nautvik på epost ingvild.nautvik@giske.kommune.no om dette er av interesse!

Godtgjersle til røystestyre og valmedarbeidarar ved Storting- og sametingsval og kommunestyre- og fylkestingsval. 

1. Røystestyremedlemer og valmedarbeidarar skal godtgjerast kr. 2000,- for arbeid på heile Valtinget. Dersom ein arbeider kortare dag skal dette trekkast 1/12 pr time. For arbeid etter kl. 21 vert det godtgjort 150,- per time.

2. Røystestyremedlemer godtgjerast kr. 500,- for førebuingsmøte, valmedarbeidarar godtgjerast 250,- for opplæringsmøte. Røystestyreleiar som også deltek på dette møtet får begge godtgjerslene. For rigging av vallokalet i forkant godtgjerast kr. 500,-.

3. Ved frakting av valutstyr og anna naudsyn kjøring mellom vallokala for røystestyret vert det godtgjort etter kommunen sitt gjeldande kjøregodtgjersleregulativ.

4. Leiaren for kvart røystestyre kan disponere inntil kr. 250,- per valarbeidar til servering.

5. Giske valstyre får godtgjersle ihht gjeldande godtgjerslereglement for folkevalde.

Artikkelliste