Ordførar Harry Valderhaug
Børge Sandnes
Harry Valderhaug, ordførar i Giske kommune siden 2015. Valderhaug representerar Kristeleg Folkeparti (KrF).
Giske er ein øykommune med lange historiske tradisjonar, men legg og vekt på å nytte dei mulegheitene som moderne teknologi gjev for å styrke samkjensla og identiteten vår. Vi har satsa mykje på å legge til rette for breibandnett for alle i kommunen, og der velferdsteknologi står sentralt i utviklinga av dei kommunale tenestene våre. Vi voner de kan få nytte av kommunen sine nettsider og den informasjonen de kan finne her.
Med desse sidene vil vi mellom anna:
- gje informasjon om kva kommunen står for til innbyggjarar, tilflyttarar og næringsliv
- gjere det enklare for samfunnet å halde seg oppdatert om kva som skjer i forvaltninga og korleis det skjer
- lette kontakta med publikum med meir effektiv bruk av datateknologien.
Vi tek gjerne imot kommentarar og impulsar som gjer nettsidene våre betre og meir tilpassa brukarane.
Eg håper de får eit lite innblikk i kva Giske kommune kan by på som bustadkommune, arbeidsplass og reisemål, og ønskjer eit triveleg opphald på sidene våre!
Med helsing
Harry Valderhaug
ordførar
Ordførar Harry Valderhaug kan treffast på følgjande stader:
Telefon: 913 85 761
Publisert 01.11.2017 14.54