Nye Giske ungdomsråd søkjer medlemar!

Denne hausten skal nye engasjerte og unge rekrutterast til Giske ungdomsråd.

Denne hausten skal nye engasjerte og unge rekrutterast til Giske ungdomsråd.
Etter fleire år nedetid for rådet, er vi endeleg klare for å reetablere det lovpålagde ungdomsorganet! Koordinator for rådet, politisk sekretær Ingvild Nautvik, er allereie i gong med rekrutteringsarbeidet og gler seg til å starte ilag med engasjerte ungdomar! Det er viktig at ungdomar får vere med å bestemme i saker som gjeld dei sjølve.
 
Kommunen ønskjer ei brei rekruttering, med medlemar både frå barneskulane, ungdomskulen, frå fritidsorganisasjonar og frå dei eldste tenåringane i alderen 16-19 år.

 Oppmodar til å søkje:

Ungdomar i alderen 12-19 år kan no sende inn søknad om å få vere med i rådet.
Har du lyst å meine noko om korleis ungdom skal ha det i kommunen, i kva fritidstilbod som fins, om kollektivtrafikktilboda eller andre saker, er ungdomsrådet noko for deg!
 

Send søknad til din rektor, eller til post@giske.kommune.no dersom du ikkje går på skule i Giske. Bruk dette søknadskjemaet (DOCX, 18 kB).
Søknadsfrist 20.oktober.