Salsløyve

Når treng du salsløyve?

Butikkar som skal selje alkohol, må søke om salsløyve. Salsløyve gjeld for drikke med inntil 4,7 volumprosent alkohol.                      

Bensinstasjonar, storkioskar og kioskar kan ikkje få salsløyve.

Kven kan få salsløyve?

Styrar og avløysar må ha bestått kunnskapsprøve for sal. Løyvet blir gitt til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet.

Korleis søke?

Elektronisk søknadsskjema.                                                                                                           

Vedlegg til søknad:

  • Firmaattest
  • Stadfesting på bestått kunnskapsprøve for styrar og avløysar 
  • Teikning av lokalet inne og ute
  • Aksjeselskap må sende aksjeeigarbok, bekrefta av revisor, med eigardelar oppgitt i prosent
  • Opplysningar om andre eigarforhold, for eksempel eigarar bak aksjeselskap, der driftsselskapet er heilt eller delvis eigd av andre selskap

Søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er mottatt. Du finn oversikt over alle vedlegg i søknadsskjemaet.

Kor lang tid tar det?

Saksbehandlingstida er inntil tre månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og skatte-  og avgiftsmyndigheitene. Behandlingstida kan bli lengre om høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden, eller om du gjer endringar undervegs i behandlinga av søknaden.

Årleg rapportering

Elektronisk rapporteringsskjema.