Kunnskapsprøve for skjenke- og salsløyve

Det er to typar kunnskapsprøver, ei for salsløyve i butikk og ei for skjenkeløyve på restaurant/bar/pub.

Kven kan ta prøvene?

Alle som ønskjer det kan ta prøvene. Den som søker om å bli godkjent som styrar eller avløysar på stader med sals- eller skjenkeløyve må ha bestått prøve. For å bli godkjent som styrar eller avløysar på ein stad med skjenkeløyve må du ha fylt 20 år. 

Kva er pensum?

  • Pensum for salsløyve: Kunnskap om alkohollova sine kapittel 1, 3, 7, 8 og 9 med forskrifter
  • Pensum for skjenkeløyve: Kunnskap om alkohollova sine kapittel 1, 4, 5, 7, 8 og 9 med forskrifter

Boka "Kunnskapsprøven i alkoholloven" inneheld det du treng å vite før du tar kunnskapsprøven for sals- eller skjenkeløyve. På Vinn.no kan du kjøpe pensumhefte og teste deg sjølv på nettkurs.  

Kva kostar det?

Maksimalsats jf. forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk § 5-6Du kan betale med Vipps eller få tilsendt faktura.