Plan for Friluftslivets ferdselsårer (PFF) 2024-2036

Giske kommunestyre vedtok 14. November 2024 Plan for friluftslivets ferdselsårer 2024-2036. 

Kystlynghei Giske kommune

Formannskapet vedtok 6. juni 2023 at det skulle utarbeidast ein plan for friluftslivets ferdselsårer i Giske kommune. Målet med ein slik plan er å identifisere, ivareta og utvikle ferdselsårer i kommunen for å sikre og vidarutvikle eit attraktivt tilbod til innbyggarane med tanke på folkehelse, livskvalitet, bulyst og reiseliv, jf. kommuneplanens samfunnsdel.

Planen er vore på høyring, og det vart gjort nokre justeringar/endringar i planen etter dette. I kommunestyremøte den 14. november blei planen vedtatt. 

Planen greier ut no-situasjon og skisserer tiltak for å ivareta og utvikle ferdselsårene i tråd med måla som er satt for planarbeidet. Den inneheld kart med ferdselsårer og turruter som er relevant for planarbeidet, og informasjon om og skildring av ferdselsårene og målpunkta.

 

Plan for friluftslivetsferdselsårer 2024 - 2036 vedtatt 14.11.2024.pdf (PDF, 3 MB)

 

Det digitale kartet er også tilgjengeleg som eit lag i temakartet kommunen har laga, som vi har gjort tilgjengeleg frå kommunen si heimeside på sida “kart”. Ein kjem og inn ved å følge direktelenka:  giskekommune.github.io/Temakart/#16/62.5044/6.1252.

Målet er at planen både kan brukast som ein rettleiande plan i kommunens og friluftsorganisasjonar sitt arbeid, men også brukast av innbyggarar som ønsker informasjon om våre ferdselsårer.