Tryggleiksalarm

Målet med ein digital tryggleiksalarm er å gi innbyggaren ei føling av tryggleik og meistring. Den digitale tryggleiksalarmen  gjer det mogleg å skreddarsy ulike sensorar alt etter kva utfordringar innbyggaren har. Eit eksempel her kan t.d. vere at lyset slåast på når innbyggaren står opp frå senga, eller at det skal gå eit varsel til pårørande eller responsteneste om innbyggaren går ut av ytterdøra om natta. Moglegheita for sensorikk og funksjonalitet er stor.

 

For å få tryggleiksalarm søker ein om dette til tildelingskontoret. Det er ein eigenandel knytt til tryggleiksalarmen.

 

Personar som har tryggleiksalarm går med eit smykke eller eit armband med ein knapp på. Når personen har behov for hjelp trykk ein på knappen og kjem i kontakt med responssenteret. Responssenteret er betjent 24 timar i døgnet.