Elektronisk dørlås (Bekey) - Hovedportal

Elektronisk dørlås (Bekey)

Elektronisk dørlås (Bekey)

Elektronisk dørlås (Bekey) er ei løysing som gjer at heimetenesta kan låse seg inn hos deg utan bruk av fysisk nøkkel.

Løysinga gjer det enklare og tryggare for helsepersonell å kome inn når du får helse- og omsorgstenester.

Ved tildeling av tryggleiksalarm er det som hovudregel nødvendig å montere elektronisk dørlås (Bekey), slik at heimetenesta kan kome raskt inn dersom det oppstår behov for hjelp.

 

Korleis fungerer det?

Heimetenesta opnar døra ved hjelp av ein godkjend app på tenestetelefonen sin.
Berre autorisert helsepersonell får tilgang, og alle opningar vert registrerte.

Dette gjer at heimetenesta kan kome raskt inn dersom du treng hjelp.

I nokre tilfelle er det ikkje mogleg å montere elektronisk dørlås, til dømes på grunn av type dør eller krav til nødutgang. Då vert det i staden montert ein enkel nøkkelboks, der heimetenesta har tilgang til nøkkel ved behov.

 

Tryggleik

Løysinga gir trygg tilgang til bustaden din:

  • Berre autorisert helsepersonell får tilgang
  • Tilgangen er digitalt styrt
  • Alle opningar vert registrerte

 

Meir informasjon

For meir informasjon, sjå infoskriv:

📄 Infoskriv Bekey

 

For ytterlegare informasjon, sjå nettsida til Bekey: https://www.bekey.dk/kommune/