Middagslevering

Kva tilbyr vi?

Vi leverer middagsmat heim til deg to gonger i veka, tysdag og torsdag. Du avgjer sjølv kor mange middagar du ønskjer kvar veke.

Middagen er ein kald porsjonspakke som kan varmast i mikrobølgjeomn eller i kaserolle med vassbad. Du får også dessert eller suppe til middagen. Det er ny meny kvar veke. Middagen blir laga på kjøkkenet ved Giske omsorgssenter.

Kven kan få tilbodet?

Heimebuande eldre og andre personar som på grunn av sjukdom, alder eller andre årsaker ikkje er i stand til å ivareta eige ernæringsbehov.

Korleis nyttar du tilbodet?

Ta kontakt med Tildelingskontoret eller kjøkkenet dersom du ønskjer å bestille middag eller har spørsmål om tilbodet. Pårørande kan også ta kontakt. Middagane blir leverte heim til deg av sjåfør.

Pris

Kr 121 per middag (2026).

Råd om ernæring finn de her