Heimesjukepleie

Føremålet med tenesta er å gi sjukepleie i eigen heim i dei høve, der dette er mogleg og hensiktsmessig, slik at du kan bu lengst mogleg i eigen bolig. Heimesjukepleien kan giast 24 timer i døgnet og er gratis.
 

 

Kva tilbyr vi?

Heimesjukepleien gir hjelp og rettleiing til personar som bur heime og som er heilt avhengige av hjelp innanfor følgjande område:

  • nødvendig pleie og omsorg
  • hjelp til medisinar/injeksjonar
  • sårbehandling 
  • tilsyn og observasjon
  • rettleiing om kosthald og helsespørsmål
  • rettleiing og opplæring slik at du kan meistre oppgåver på eiga hand

Føremålet med tenesta er å gi sjukepleie i eigen heim i dei høve, der dette er mogleg og hensiktsmessig, slik at du kan bu lengst mogleg i eigen bolig. Heimesjukepleien kan giast 24 timer i døgnet og er gratis..
 

Kven få tilbudet?

Du må ha eit hjelpebehov som skuldast sjukdom eller nedsatt funksjonsnivå.

Heimesjukepleie vert ikkje innvilga til personar som utan større problem kan få utført dei same tenestene ved eit legekontor eller tenester som fell inn under lov om sosiale tenester.