Avlastning

Giske kommune kan gi tilbod om avlastning i privat heim eller som korttidsopphald i heildøgnstilbod i bukollektiv eller institusjon. 

Korttidsopphald i bukollektiv eller institusjon gir omsorgsyter avlastning i ei avgrensa periode. Tenesta er for pårørende som har behov for avlastning ein periode, og der tenestemottaker er avhengig av opphald med heildøgns tilbod for omsorg og pleie i tilsvarande periode.

Giske kommune kan òg gi tilbod om avlastning i private heimar for born og unge med funksjonsnedsetjing. Kommuna kan bistå med hjelp til å finne fram til familiar som tilbyr avlastning i helger og/eller ferier. Tenesta er for omsorgspersoner som har behov for avlastning ei periode og der omsorgsmottaker er avhengig heildøgns omsorg i tilsvarande periode. Det kan til dømes vere at omsorgsyter har et særleg tyngjande omsorgsarbeid over lengre perioder og har behov for avlastning. Eller det kan vere at omsorgsmottaker har svikt i helsetilstanden som gjer at han/ho er avhengig av heildøgns omsorg når omsorgsyter er borte.

Søknad om avlastning vert gjort på eige skjema: