Bli støttekontakt

Kva gjer ei støttekontakt?

Som støttekontakt vil du bidra til at personar med ulike utfordringar får ei meiningsfylt fritid og eit meir sosialt liv. Ei fritidskontakt hjelp til med å styrke personen sine fritidsinteresser og sosiale nettverk.

Vi treng støttekontakter som kan jobbe med rus, psykiatri, fysiske funksjonshemmingar og psykiske funksjonshemningar. Tenestemottakarane våre er born, ungdom og vaksne med ulik grad av behov for tilretteleggjing.

Alkohol og andre rusmidler skal ikkje nytast i samhandling med brukar.

Arbeidstida er hovedsakleg ettermiddag og kveld, men noko dagarbeid og helgearbeid kan og vere  aktuelt.

Støttekontakter får løn av kommuna og køyregodgjersle etter avtale.

 

Kven kan bli støttekontakt?

  • Du bør vere sosialt engasjert, ha evne til å setje i gong aktivitetar og finne glede i å hjelpe andre menneske.

  • Du bør vere ein god rollemodell, vere trygg på deg sjølv og ha evne til å samarbeide.

  • Det er ingen krav til fagutdanning for å vere støttekontakt, med det vert lagt stor vekt på personleg eignaheit.

  • Politiattest krevjast for alle nye støttekontakter fra og med 01.01.2017

Interesse, alder, kjønn og personlegheit er viktig når ein prøver å koble riktig støttekontakt og brukar saman. Difor vil vi gjerne vite mest mogle om kva du liker å gjere.

 

Slik søkjer du

Send oss ein e-post eller ring dersom du ynskjer å bli støttekontakt. Fortel litt om kvifor du ønskjer å verte støttekontakt og legg gjerne ved ein CV.