Koordinerande team

Kven kan ha behov for habilitering og rehabilitering?

  • Personar som pga. skade eller sjukdom har fått nedsett funksjonsevne og treng bistand i dagleglivet
  • Personar med kroniske sjukdomar
  • Personar med medfødt funksjonssvikt
  • Personar med fysiske, psykiske og sosiale problem
  • Personar som grunna redusert funksjonsevne treng hjelp til planlegging av ny kvardag, tildømes i overgang frå barnehage til skule, mellom ulike skular, frå skule til arbeidsliv og endring i butilhøve

Mål med habiliterings-og rehabiliteringstenesta i Giske kommune:

  • Personar med behov for koordinerte tenester veit kvar dei skal vende seg for å få hjelp
  • Personar med behov for koordinerte tenester opplever tenestetilbodet som samordna, koordinert og individuelt tilpassa
  • Personar med behov for koordinerte tenester opplever brukarmedverking, og at tiltak og teneste tek utgangspunkt i den einskildes ressursar.

Her finn du oversikt over viktig informasjon om oppfølging av personar med store og samansatt behov.

 

Melding til koordinerande team (PDF, 121 kB)