Jordmortenesta

Svangerskapsomsorg er ei lovfesta teneste til gravide for å medvirke til god helse under svangerskapet.

Er du gravid og busett i Giske kommune, har du tilbod om svangerskapskontrollar hos jordmor ved helsestasjonen eller hos fastlegen din. Du kan sjølv velje om du vil nytte jordmor, fastlege eller ein kombinasjon av desse.

I Giske kommune har vi tre jordmødre som arbeider ved helsestasjonen. Dei tilbyr oppfølging gjennom heile svangerskapet, heimebesøk etter fødsel, og 6-8 vekers kontroll med prevensjonsrettleiing, innsetting av spiral og p-stav og livmorhalsprøve.

So langt det let seg gjere, tilbyr vi no at alle kvinner i alderen 25 - 69 år, busett i Giske kommune, kan ta livmorhalsprøve hos jordmor. Frå våren -24 og fram til september - 24 kan vi diverre ikkje tilby livmorhalsprøve grunna kapasitet.

Ta kontakt med Giske helsestasjon for bestilling av time. mobil: 908 57 820 (måndag-torsdag i tida 08:00-13.30)

Vi held til på helsestasjonen i 1 etasje på rådhuset, bruk hovedinngangen og registrer deg der.

toril.halse@giske.kommune.no

maria.schaug-pettersen@giske.kommune.no