Saksgang i barnevernet

Handsaming av bekymringsmeldinga

Barneverntenesta skal snarast og seinast innan ei veke gå gjennom meldinga og vurdere om den skal følgjast opp med undersøking eller bli lagt bort utan oppfølging. Meldar får ein stadfesting på at meldinga er motteke men pga. teieplikta har ikkje privat personar krav på informasjon utover dette. Offentleg meldar vil få tilbakemelding om status i saka etter gjennomgong av meldinga og evt. gjennomført undersøkingssak.

Vidare handsaming

Gjennom undersøking skal barneverntenesta kartlegge om familien har behov for hjelp og kva tiltak barnevernet kan tilby. Barnevernet har eit mål om at alle barn og unge skal bu heime så lenge det er mogleg. Vi legg vekt på å finne årsakane til familien sine vanskar og løyse dei saman med foreldra og barnet. Barnevernet kan tilby:  

Rettleiing om foreldrerolla og råd om oppseding

Støttesamtalar med barn og foreldre

Heimekonsulent

Avlastningsordningar som støttekontakt og besøksheim

Økonomisk hjelp

Vise vidare til t.d. familiervernkontor eller barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling (BUP)

Tverrfagleg samarbeid med andre instansar som er i kontakt med barn, unge og deira familier

Iverksetje og følgje opp hjelpe-/omsorgstiltak

All hjelp frå barneverntenesta er gratis.