Barnevernvakt

Det interkommunale barnevernvaktsamarbeidet er organisert som ei bakvaktordning på telefon som vil vere bemanna i tidsrommet kl. 15:30 – 08:00 i kvardagar og heile døgnet i helgar og høgtider.

 

Ring 412 84 400 dersom du er akutt bekymra for eit barn i Giske kommune. 

Hovudoppgåva er å hjelpe barn og familiar i akutt krise og som ikkje kan vente til neste virkedag. Barnevernvakta vil vere bemanna med tilsette i dei kommunale barneverntenestene som i hovudsak skal gi råd og rettleiing på telefon.  Ved akutt krise kan barnevernvakta vurdere å  rykkje ut for å bistå i situasjonar meir aktivt. 
 

Kontaktpersonar

Ragnhild Jønland Strand
Avdelingsleiar for barneverntenesta
E-post
Mobil 926 17 088