Hjelpemiddel

Har du nedsatt funksjonsevne, vore operert eller utsett for skade/sjukdom, kan du få låne tekniske hjelpemiddel. Hjelpemiddel gjev dei som treng det, ein lettare kvardag, og ein kan låne dei for ein kortare eller lengre periode.

Kommuna har eit utval av hjelpemiddel som ein kan låne i opptil 3 mnd, med mogleg forlenging. Dersom behovet er varig kan du søke her om utlån frå Nav Hjelpemiddelsentralen. Dersom du ynskjer å søke sjølv som privatperson eller tilsett  har vi laga ei enkel forklaring her. (PDF, 2 MB)

Hjelpemiddelet hentast ved Giske omsorgssenter, Skomakarvegen 1, 6050 Valderøy.

Ein er sjølv ansvarleg for vedlikehald av hjelpemidlar som er lånt frå oss. Det gjeld reingjering, etterfylling av luft i dekk mm. Hjelpemiddel SKAL leverast tilbake i reingjort stand. Dersom hjelpemiddel blir øydelagt eller mista er ein sjølv erstatningspliktig. 

Svein Olav Vikanes er ansvarleg for hjelpemiddellageret. Han treffast på tlf 93421012 eller på mail: Svein.Olav.Vikanes@giske.kommune.no

Hjelpemiddel som er til utlån:

  • rullator
  • toalettforhøger
  • badekarbrett
  • toalettstol
  • dusjkrakk
  • manuell rullestol
  • seng
  • løftestol 

Vi har ikkje krykker. Det må du kjøpe sjølv. Mindre hjelpemiddel som t.d gripestang og stømpepåtrekker selgast stort sett på apotek eller enklare liv.

Kontaktinformasjon

Svein Vikanes
E-post
Mobil 93 42 10 12
Gitte Myklebust
Avdelingsleiar
E-post
Mobil 95 99 08 38

Kart