Flyktningetenesta

Flyktningkontoret i Giske har ansvar for busetting, kvalifisering og oppfølging av familiar og einslege vaksne flyktningar som blir busett etter avtale med IMDi. Alle flyktningar har ved ankomst gyldig opphaldsløyve i Norge.

Det er politikarane i Giske som vedtek kor mange flyktningar som skal busettast i vår kommune kvart år. I 2019 vedtok Giske kommunestyre at det skal busettast 10 flyktningar i 2020. Familiegjenforeningar kjem i tillegg til dette tallet.  

Flyktningkontoret har ansvar for tilrettelegging og gjennomføring av busetting og kvalifisering gjennom introduksjonsprogrammet.

I busettingsfasen får alle nyankomne flyktningar praktisk bistand og oppfølging. Vidare får dei rettleiing om helse, økonomi, bustad og deltaking i arbeids- og samfunnsliv.

Innan tre månader etter ankomst har flyktningkontoret ansvar for å organisere og tilby introduksjonsprogram for alle nykomne personar med flyktningstatus og overføringsflyktningar som er mellom 18 og 55 år. Det er også familiegjenforente med desse som har rett og plikt til å gjennomføre introduksjonsprogrammet når de buset seg i Norge og Giske.

Målet er at dei skal lære seg norsk, blir sjølvstendige ved å komme ut i inntektsgivande arbeid eller utdanning og blir aktive deltakarar i det norske samfunnet. Programmets lengde varierer og er tilpassa individuelt. Det innehelder blant anna opplæring i norsk, samfunnsfag og arbeids- eller utdanningsretta tiltak. Ein viktig samarbeidspartner er Ressurssenteret på Hareid, NAV Giske med fleire.

Våre sentrale arbeidsområder er:

  • Behandle og godkjenne søknader om introduksjonsprogram og permisjonar.
  • Kartlegging av kvalifikasjonar og bakgrunn for den enkelte.
  • Utarbeide individuell plan i samarbeid med intro-deltakaren og Hareid Ressurssenter.
  • Individuell oppfølging som følge av individuell plan.
  • Samarbeid med Ressurssenteret og eventuelt andre aktørar, NAV, bustadkontor, helsestasjon, frivillege organisasjonar.  
  • Godkjenning og vurdering av utdanningsdokument via Nokut og Samordna opptak.

Meir om introduksjonsprogrammet kan du lese her: https://www.imdi.no/introduksjonsprogram/

Kontakter flyktingkontoret:

Joanna Grimstad, flyktningkonsulent. 
Epost: jogr@giske.kommune.no 
Mob: 70 18 80 72
Telefontid  man-fre kl 1200 - 1530.

Kontaktpersonar

Joanna Grimstad
E-post