Når du er registrert i våre registre, har du rettar som følgje av personopplysningslova og andre lover.
- Innsyn i eigne opplysningar
Når kommunen behandlar opplysningar om deg, skal du som registrert i våre system kunne få vite kva konkrete personopplysningar vi behandlar om deg, kvar opplysningane er henta frå, til kva føremål personopplysningane blir brukt, og om dei er utlevert til andre og eventuelt kven.
- Retting av opplysningar
I utgangspunktet skal vi på eige initiativ rette feil, utdaterte eller ufullstendige opplysningar. Men dersom du oppdagar feil ønsker vi at du tek kontakt med oss. Dersom opplysningane er henta frå andre offentlege aktørar, må du henvende deg til desse for å få retta dine opplysningar. Døme på dette er Skatteetaten eller Kartverket.
- Sletting / begrensing av personopplysningar
Vi skal slette opplysningar som ikkje lenger er nødvendige for det føremålet vi samla dei inn. Dersom du meiner kommunen registrerer informasjon om deg som ikkje er nødvendig, kan du be om at denne informasjonen blir sletta. Det same gjeld dersom du meiner kommunen registrerer fleire opplysningar enn det som er nødvendig for føremålet. Merk at rett til å få sletta personopplysningar ikkje gjeld dersom desse er arkivpliktige eller vi har plikt til å ta vare på dei i forhold til eventuelle komande rettskrav.
Innsyn i personopplysningar
Du kan ta kontakt med kommunen og be om å få innsyn i dine personopplysningar. Vi vil då be deg om å stadfeste identiteten din eller å gi ytterligare informasjon før vi let deg ta i bruk dine rettar. Dette gjer vi for å vere sikre på at du er den du er, og at ingen andre gir seg ut for å vere deg.
Dersom du ber om innsyn, retting og / eller sletting, så er dette gratis, med mindre det du ber om er tydeleg grunnlaust eller overdrive.
I ein del tilfelle kan du ha rett til å få overført dine personopplysningar frå oss og over til andre. Dette blir kalla retten til dataportabilitet. Merk at det finns fleire unntak frå denne regelen. Retten gjeld berre opplysningar du har gitt til oss, og mellom anna gjeld retten ikkje dersom vi behandlar personopplysningane for å utføre offentleg mynde.
Rett til å klage
Dersom du meiner at vår behandling av personopplysningar ikkje stemmer med det vi har skrive her eller at vi på andre måtar bryt personvernlova, så kan du kontakte oss. Dersom vår respons ikkje gir dei svara du treng, kan du ta kontakt med vårt Personvernombod. Du har også muligheit til å klage til Datatilsynet.
Datatilsynet sine nettsider: www.datatilsynet.no.