Innsyn i eigne personopplysningar

Du har rett til innsyn i eigne personopplysningar. Det betyr at du har rett til innsyn i kva personopplysningar dei ulike verksemdene i kommunen har om deg, og kva informasjonen blir brukt til.

Kva er innsyn?

Det er to ulike typer innsyn. Innsyn i eigne personopplysningar gir berre innsyn i kva personopplysningar dei ulike verksemdene i kommunen har om deg. Innsyn i ei sak gir deg tilgang til sakspapirer i heile saka du søkjer innsyn i.

Rett til innsyn

Når kommunen behandlar opplysningar om deg, har du alltid rett til å vite:

  • kva data som blir behandla
  • kva opplysningane blir brukt til
  • kor lenge opplysningane skal bli lagra

Innsyn i eigne personopplysningar gir berre innsyn i kva personopplysningar dei ulike verksemdene i kommunen har om deg.

Innsyn i ei sak

Dersom du ønskjer innsyn i sakspapir i ei konkret sak må du søkje om innsyn etter offentleglova dersom dokumenta ikkje er offentleggjort. Når du søkjer om innsyn i personopplysningane dine er det ein fordel om du veit fra kva verksemd i kommunen du ønskjer personopplysningane fra. Ved innsyn i eigne personopplysningar vil du normalt berre få utlevert dei personopplysningane som er registrert om deg.

Slik ber du om innsyn

Du kan kontakte kommunen og be om å få innsyn i dine personopplysningar:

Vi vil svare på førespurnaden din så fort som mogleg, og seinast innan 30 dagar. I dei tilfelle der søknaden er ressurskrevjande kan det ta noko lengre tid før du får svar. Vi vil i så fall informere deg om det.

Vi vil be deg om å bekrefte identiteten din eller å oppgi ytterlegare informasjon før vi lar deg ta i bruk dine rettigheiter overfor oss. I tvilstilfelle, og på førespurnad frå saksbehandlar, må du leggje fram kopi av gyldig legitimasjon. Dette gjer vi for å vere sikre på at du er den du er, og at ingen andre gir seg ut for å vere deg. Tilleggsopplysningar for identifikasjon blir sletta så fort sikker identifikasjon er oppnådd.

 

Å benytte seg av innsynsretten sin er gratis. Dersom du ber om meir enn ein kopi, kan vi likevel ta eit rimeleg administrasjonsgebyr jmf GDPR art. 12 nr 5.