Kunngjering om utlegging av eigedomsskattelister 2023 - Hovedportal

Kunngjering om utlegging av eigedomsskattelister 2023

På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt (sak 63/13) for 2014, og med heimel i eigedomsskattelova §15, legg kommunen ut eigedomsskattelistene til offentleg gjennomsyn i tre veker frå 23.02.23.

Listene syner dei skattepliktige eigedomane med opplysningar om adresse, matrikkelnr. (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsar  og utrekna eigedomsskattebeløp. Skattelistene vert lagde ut på servicekontoret på rådhuset og på kommunen si heimeside.

Kommunestyret vedtok (sak 074/22) å redusere eigedomsskatten til 3 i 2023.

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klage på same grunnlag som tidlegare år. Klaga må sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker (03.04.23).

Eigedomsskattekontoret har adresse:

Giske kommune, rådhuset,
Valderhaug 4,
6050 Valderøya

E-post: post@giske.kommune.no

For bustadeigedomar der det er brukt skatteetaten sin bustadsverdi som grunnbeløp for utrekning av eigedomsskatten, skal klage sendast til skatteetaten.

Skatteetaten har adresse:

Skatt Midt-Norge
Postboks 2060

6402 Molde

www.skatteetaten.no/bolig