Detaljreguleringsplan Vigra næringspark nord - kunngjering av eigengodkjent plan

Kommunevåpenet til Giske kommune. - Klikk for stort bilete

I samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12-12 ledd 4 vert det med dette gjort kjend at Giske kommunestyre i møte den 12.12.2019, K-sak - 123/19, har godkjent detaljreguleringsplan for gnr 3 bnr 19 Vigra næringspark nord. Vedtaket er gjort i medhald av pbl § 12-12 ledd 1.

Plandokumenta er lagt ut til gjennomsyn i resepsjonen i Giske rådhus og på kommunen si heimeside under kunngjeringar. Varsel om eigengodkjent plan er sendt offentleg mynde, rettshavarar, grunneigarar og naboar.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast med Fylkesmannen i Møre og Romsdal som klageinstans, jf pbl §§ 1-9 og 12-12 og forvaltningslova (fvl) kap. VI. Mogleg klage skal vere grunngjeven og sendast til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya, eller helst til post@giske.kommune.no. Frist for å klage er 3 veker frå det tidspunkt underretninga om vedtaket er kome fram til vedkommande part, jamfør fvl §§ 29 - 31.

Dokument i desse lenkene: