Boring for regional kartlegging av fare for store kvikkleireskred i Giske kommune

Norges vassdrag og energidirektorat (NVE) startar boring for regional kartlegging av fare for store kvikkleireskred i Giske kommune i veke 42.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har det overordna ansvaret for statlege forvaltningsoppgåver innan førebygging av flaumskadar og skredulykker. Som ein del av dette ansvaret føretek NVE ei kontinuerleg landsomfattande kartlegging av flaum og skredutsette område. Dette inneber kartlegging av fare for kvikkleireskred.

I Noreg er det registrert ca. 2000 kvikkleiresonar som er vist i nettportalen NVE Atlas.

NVE gjennomfører no kartlegging av større områder med moglege kvikkleireførekomstar i kommunane Molde, Rauma, Giske, Ålesund, Sula, Sykkylven, Eid, Gloppen, Stryn, Naustdal og Førde. Kartlegginga er ei grov kartlegging, konsentrert om eksisterande busetnad, som vil danne grunnlaget for utarbeiding av kvikkleiresone kart. På bakgrunn av kartlegginga vurderer NVE bla. behov for vidare detaljkartlegging og sikring av eksisterande busetnad.

I forbindelse med dette arbeidet er det behov for å innhente informasjon om grunnforholda i utvalte områder ved grunnboring. Informasjonen frå grunnboringane er ein vesentleg del av grunnlaget for den vidare utredninga.

Posisjon for boringane i Molde og Rauma finn du her

Posisjon for boringane i Giske, Ålesund, Sula og Sykkylven finn du her.

Posisjon for boringane vil kunne verte flytta noko, for eksempel med tanke på åtkomst. I nokre tilfelle kan det verte aktuelt å bore på naboeigedom til der punktet er plassert.

Grunneigarar som vert råka av grunnboringa vil kontaktast av kommunen gjennom digital postkasse for ytterlegare informasjon.

 

Kontaktpersonar:

Kontaktperson i NVE, Lars Løkeland Slåke - telefon: 488 65 891, lals@nve.no

Borentreprenør Geostrøm AS, Thor Høiback - telefon: 481 74 256, rothor@geostrom.no

Giske kommune: Sissel Fuglstad – Telefon 701 88 022, sifu@giske.kommune.no

Viktige lenker

Ukraina