Bålforbod oppheva

Brannsjefen har frå i dag 9. mars klokka 09.00 oppheva det midlertidige bålforbodet i kommunane Giske-, Haram- og Ålesund.

Bålforbodet opphevast då regnet er kome og vêrmeldingane melder nedbør i form av regn/sludd i dagane framover. Det visast likevel til det generelle bålforbodet som gjeld 15.april til 15.september, og den lokale føreskrifta om open brenning som gjeld i Ålesund.

Det var 2. mars brannsjef Geir Thorsen gjekk ut med vedtak om bålforbod på grunn av mange dagar utan nedbør kombinert med kulde og vind, som utgjorde ei stor fare for gras- og lyngbrann.

Viktige lenker

Ukraina