Avgrensa høyring av mindre reguleringsendring av Vigra skule

Teknisk utval har i møte den 28.05.2026 gjort følgande vedtak:

TU - 022/26 Vedtak:
Teknisk utval vedtar å sende forslag til mindre reguleringsendring på avgrensa høyring til råka partar, Statens vegvesen og fylkeskommunen jf. pbl §12-14.

Vedtaket er fatta med heimel i plan- og bygningslova §12-14. Innspel og synspunkt vert å sende til: 

Giske kommune
Teknisk eining
Valderhaug 4
6050 Valderøya

eller til post@giske.kommune.no innan 16.07.2026. 

Dersom nokon ønsker plandokumenta tilsendt på papir/elektronisk, ta kontakt med servicekontoret ved Giske rådhus (tlf. 70 18 80 00) og oppgi referanse «26/1607».