Det er bekrefta to nye positive koronaprøver i Giske laurdag ettermiddag.
Desse er begge knytt til ungdomstrinnet på Godøy skule. Smittetilfella vert sett i samanheng med dei fire positive prøvene torsdag og fredag. Dei som skal i karantene og ventekarantene får direkte beskjed om dette.
"Det er svært viktig at folk held seg til reglane som gjeld karantene og ventekarantene. Vi oppfordrar alle til å halde seg i ro, og halde god avstand", seier kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen.
Teststasjonen på Valderøya vil halde ope søndag i tida 9-11 og på ettermiddagen dersom det er behov for det.
Publisert 27.03.2021 19.03