To nye positive i Giske kommune
Det er i helga bekrefta to nye positive koronaprøver i Giske kommune. Begge er knytt til ungdommar i grunnskulealder.
Den eine er klart knytt til eit kjent smitteutbrotet der to alt før helga var testa positive.
Den andre positive testen har ein til no ikkje direkte knytt til det kjente utbrotet. No gjennomfører ein omfattande smittesporing for å klargjere kvar smitten kjem frå.
Fleire klassetrinn vert sett i karantene. Dei som skal i karantene eller ventekarantene blir kontakta direkte.
I samband med desse smitteutbrota er svært mange i Giske kommune no sett i karantene eller ventekarantene og testaktiviteten er stor. Teststasjonen hadde ope også nokre timar søndag. Då vart det gjennomført over 50 testar søndag formiddag og det er no klart at Giske kommune vil halde teststasjonen open og søndag kveld fram til klokka 21.30.
Kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen ber spesielt dei med milde symptom teste seg.
- Det viser seg at fleire av dei med milde symptom har testa positivt. La deg difor teste uansett kor milde symptom du har. Det er egentlig det typiske med spesielt det muterte Covid19-viruet, seier kommuneoverlegen.
Det er framleis ingen som har blitt alvorleg sjuke av dei som har fått påvist smitte av koronaviruset dei siste dagane. Til saman er det no åtte personar som har testa positivt sidan torsdag førre veke.
Publisert 28.03.2021 18.40