To nye har testa positivt

Ein av dei smitta høyrer til det kjende smitteutbrotet og har vore i karantene. Den andre er importsmitte og har vore i innreisekarantene.

 

Illustrasjon fleire koronavirus på blå bakgrunn. - Klikk for stort bilete

 

"Smitten er framleis under kontroll. Det er ingen nye nærkontaktar og dei smitta har berre milde symptom. Personen som har vore i innreisekarantene er flytta til isolasjonsbustad", seier kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen.

Til saman ti personar er registrert med koronasmitte i smitteutbrotet i Giske kommune dei siste vekene. Ingen har blitt alvorleg sjuke. 

Det vart testa 237 personar ved teststasjonen på Valderøya skjærtorsdag. Det er ingen fleire positive koronaprøver etter dette.