Totalt 17 i isolasjon

Sist veke fekk Giske kommune det høgste talet korona-smitta for heile pandemien. Laurdag kom det fire nye positive testresultat. Det er no 17 i isolasjon, og dei fleste av dei er unge vaksne.
 

Illustrasjon fleire koronavirus på blå bakgrunn. - Klikk for stort bilete

 

  • No er det svært viktig at alle fylgjer smittevernråda som vert gitt, seier kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen.
  • Først og fremst; vaksiner deg. Alle bør snarast melde seg til vaksine gjennom helsenorge.no. Dette er det aller viktigste og langsiktige tiltaket. Så er det og heilt avgjerande at alle som har mistanke om at dei kan vere utsett for smitte tek kontakt med teststasjonen og let seg teste. Hugs at ein kan være smitta utan å ha symptom.

Smitteutbrota i Giske har i hovedsak sitt utgangspunkt i unge vaksne som har delteke i utelivet i Ålesund. Smitten har så blitt ført vidare inn i lokalmiljøa i Giske.

  • Vi ber innstendig om at ein har lav terskel for testing og det er spesielt viktig at vi får dei unge vaksne til både å teste seg og ikkje minst vaksinere seg, seier Sommerdalen.

Av andre viktige tiltak som Giske kommune no ber om, er at alle arrangørar av tilstelningar eller samankomster av noko slag fører lister over kven som er til stades.

  • Vi ser at smittespreiinga fører til stort press på dei som skal drive smittesporing. Skal vi unngå å måtte innføre meir dramatiske tiltak er det viktig at alle gjer sitt ytste for å hjelpe smittesporarane. Dette tiltaket er nødvendig for at vi skal kunne gå mot ein haust med skulestart med minst mogleg smitte, seier ordførar Harry Valderhaug.  

 

Link for å bestille time til vaksinering: Helsenorge – din helse på nett - helsenorge.no

Link for å bestille time til testing: c19.no