To nye smitta

Det er meldt om to nye smitta i Giske kommune. Begge har milde symptom.

 

Illustrasjon fleire koronavirus på blå bakgrunn. - Klikk for stort bilete

 

Ein er knytt til smitteutbrotet i Ålesund på restaurant Toldboden. Personen har vore i karantene og har ingen nærkontaktar.

Den andre har ikkje kjent nærkontakt til nokon av dei smitta som var på Toldboden helga 16. til 19. april. Smittesporing pågår.