To nye smitta onsdag kveld

Giske kommune har fått melding om to nye personar som har testa positivt. I tillegg har eit barn som går i Gnist-barnehagen på Sætra testa positivt på hurtigtest.

Klikk for stort bilete 

I samband med den eine smitta personen er ei avdeling ved barnehagen sett i smittekarantene i tillegg til sju tilsette. Ei samarbeidande avdeling har fått ventekarantene. Barn og tilsette i den aktuelle avdelinga er testa ved den lokale teststasjonen no i kveld.

Pressekontakt for Gnist-barnehagane, Børre Andreassen, seier at alle foreldra og tilsette i den aktuelle barnehagen er informert og at dei også har varsla dei andre Gnist-barnehagane i kommunen.

Den andre personen som har fått melding om positiv test i ettermiddag er sett i isolasjon. Smittesporing pågår.