Stenger barnehage

Barnehagen Gnist Nordstrand må stenge etter fleire smitta barn og tilsette mandag 30. august.

Illustrasjon fleire koronavirus på blå bakgrunn. - Klikk for stort bilete

 

To tilsette og ni barn har så langt testa positivt. Fem foreldre har også testa positivt. Barnehagen har til saman 122 barn.    

Barnehagen ber no alle foreldre som har barn i denne barnehagen om å hente barna sine. Dei som testar negativt kan kome tilbake. Barn av foreldre med samfunnskritiske funksjonar kan kome i barnehagen dersom dei ikkje har symptom eller har husstandsmedlemmar som har testa positivt.

Kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen har gjort vurderingane i samråd med Fylkeslegen. Alle avdelingar går over til raudt nivå til og med 6. september.  

  • Det er no ekstra viktig at folk held seg heime og testar seg ved nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon, seier Sommerdalen.

Karantenereglane er veldig kompliserte no. Alle som skal vere i smittekarantene vil få telefon eller SMS om dette frå smittesporingsteamet i kommunen.

Om ein er usikker på om ein skal ha karantene kan ein ta kontakt med kommunen sin karantenetelefon mobnr. 959 21 578 frå 11-14 og 16-18 ut denne veka.

  • Vi bed om at folk ikkje set seg sjølve eller andre i karantene, men venter på beskjed frå oss. Om ein får fritak frå karantene på grunn av vaksinering bør ein uansett diskutere dette med sin leiar før ein møter opp på jobb, seier kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen.  

Følg linken for å lese meir om karantenereglane:

https://www.helsenorge.no/koronavirus/karantene-og-isolasjon/#smittekarantene

Giske kommune har førebels ikkje innført lokal forskrift, men dette vert fortløpande vurdert.