Seks nye smitta

Seks nye smitta denne veka. Ein mandag kveld og fem nye tysdag kveld. 

Illustrasjon fleire koronavirus på blå bakgrunn. - Klikk for stort bilete

 

Giske kommune fekk melding om ein smitta måndag kveld. Det var ein nærkontakt som testa positivt og smittevegen er kjent.

Tysdag kveld var det fem til som testa positivt. To av dei har smitte etter innreise, ein nærkontakt testa positivt etter smitteveg frå innreise og to personar har ukjent smitteveg. Det er utført smittesporing og nærkontaktar har blitt kontakta.