Ein person er smitta

Giske kommune har fått melding om at ein annan person har testa positivt no i ettermiddag.

Ein person er smitta - Klikk for stort bilete

 

 

Nærkontaktar er sett i karantene og skal testast. Smitten er knytt til utbrotet på Toldboden i Ålesund. 

Eit klassetrinn på Vigra skule blir sett i ventekarantene saman med tilsette som har vore tett på. Elevane får digital heimeundervisning til situasjonen er avklara.