Omikron i barnehage i Giske

Barnehagen Gnist Nordstrand på Valderøya i Giske vert stengt etter at det er meldt om at ein har eit tilfelle av sannsynleg omikron i barnehagen.

 

Så langt er eitt tilfelle analysert som sannsynlig omikron, ei prøve til er PCR-testa som positiv, her ventar ein på nærare analyse. Det vert no gjennomført omfattande testing.  

  • Vi kan heller ikkje sjå bort frå at fleire barn og tilsette knytt til barnehagen vil teste positivt i dagane framover, seier kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen.
  • Fram til vi har oversikt over situasjonen vil barnehagen halde stengt og dei det gjeld vert testa og sett i karantene.
  • Vi kjem til å gjennomføre omfattande testing både i helga og neste veke, seier Sommerdalen.

Og ein annan barnehage i Giske stengde og sendte barna heim fredag. Dette fordi det er påvist covid-smitte. Her er det ikkje påvist omikron-varianten. Her er barn og tilsette sett i karantene.

  • Det er sjølvsagt svært alvorleg når vi får smitte inn i fleire barnehagar, seier kommunedirektør Dag Olav Tennfjord.
  •  No er det svært viktig at alle er nøye med dei reglane som gjeld karantene og isolasjon.På kommunen sine nettsider er desse reglane lagt ut. Vi ber og om at dei som har spørsmål om korleis ein skal opptre les dette. Er ein framleis i tvil har kommunen ein eigen korona-telefon som kan oppringast.

Denne veka er det så langt påvist 33 positive Covid-prøver i Giske.

Viktige lenker

Ukraina