Muleg smitte, ventar på testsvar

I samband med påvist koronasmitte både hos tilsette og gjestar ved Tollboden i Ålesund både 17. og 18. april er det også fleire som er sett i ventekarantene i Giske kommune.
 

Illustrasjon fleire koronavirus på blå bakgrunn. - Klikk for stort bilete

 

Eit trinn på Vigra skule og ti tilsette er sett i ventekarantene inntil ein nærkontakt får svar på koronatest.

Giske omsorgssenter (GOS) vil også avvente å sleppe inn besøkande til situasjonen er avklara.

Kommuneoverlegen i Giske, Anne-Line Sommerdalen, oppfordrer til å følge kommuneoverlegen i Ålesund sitt råd om at alle som har besøkt Tollboden i perioden 16. til 19. april om å gå i karantene og teste seg.

Svært få av dei som er antatt å vere gjester har registrert seg. Dette gir utfordringar i arbeidet med smittesporing.