Massiv testing

Det er gjennomført massetesting av barn, foreldre og tilsette i barnehagen Gnist Nordstrand dei siste dagane. Dei driftar no på raudt nivå. Barnehagen har til saman 122 barn. Så langt har 21 barn og vaksne testa positivt.

Illustrasjon fleire koronavirus på blå bakgrunn. - Klikk for stort bilete

 

Nødvendige tiltak er iverksett og i løpet av eit par dagar vil det kome svar på alle testar.

Dei andre barnehagane og skulane i Giske kommune vert drifta på grønt nivå. Tiltak blir sett inn så fort det er nødvendig. Det er ikkje registrert smitte på skulane eller i barnehagane på Vigra, Godøy, Alnes eller Giske.  

  • ­Vi vil at elevar og barn skal ha ein så normal kvardag som muleg, men det er veldig viktig no at alle som har symptom testar seg. Sjølv ved litt svake forkjølelsesymptom og feber skal alle testast. Vi har auka testkapasiteten både på dagtid og kveldstid for å få testa flest mogleg raskast mogleg, sier ordførar Harry Valderhaug.

Det viktigaste no er:

  • Hald deg eller barnet ditt heime dersom de har symptom
  • Låg terskel for testing
  • Vaksinering for dei som ikkje allereie har gjort det

Om ein er usikker på om ein skal ha karantene kan ein ta kontakt med kommunen sin kartantenetelefon mobnr. 970 54 332 frå 11-14 og 16-18 ut denne veka.

I denne lenka kan du lese meir om karantenereglane:

https://www.helsenorge.no/koronavirus/karantene-og-isolasjon/#smittekarantene

Giske kommune har førebels ikkje innført lokal forskrift, men dette vert fortløpande vurdert.

Dersom du ikkje allereie har gjort det kan det vere lurt å laste ned smittestoppappen no.

Teststasjonen ved rådhuset har ope for drop-in måndag, onsdag og fredag frå klokka 16 til 17.30.