Status Giske kommune tirsdag 14. april kl 11.00

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete

Giske kommune har hatt lav smittespreiing. Gjennom påska har vi ikkje hatt ei einaste positiv koronaprøve. Dette er svært gledeleg og kan tyde på at folk er flinke til å ta smitteverntiltaka på alvor. Det er imidlertid svært viktig at ein no ikkje trur at jobben er gjort. Følg råda fra styresmaktene: Hald avstand og vask hender.

Planlegg barnehageoppstart

Denne veka vert det jobba hardt for å planlegge oppstart av barnehagane. Målet er at ein skal få til drift frå mandag 20. april. Dette krev at ein har fått på plass det som skal til av smitteverntiltak og rutiner.

Frå sentralt hald vil det bli utarbeid ein veileder for kva tiltak som skal gjerast. Denne skal etter planen vere klar i løpet av onsdag. Denne vil danne grunnlaget for korleis vi i Giske legg opp arbeidet.

Mellom dei tinga som kvar enkelt forelder må avklare er kor vidt barn eller føresette er i risikogruppe. Her må dei det gjeld ta kontakt med sin fastlege for å få dette avklart. Slike vurderinger er det kun legen som kan gjere.

- Målet vårt er sjølvsagt å få mest mogleg drift i barnehagane frå neste mandag, men vi er heilt klare på at det må skje       innanfor dei rammene som er sett av våre helsestyresmakter, seier kommunaldirektør Marianne Stokkereit Aasen.

- Vårt hovedfokus er heile tida smittevern. Og ser vi at vi ikkje klarer å oppfylle dei krava, så må vi vurdere andre             løysinger enn full åpning av barnehagane 20. april. Det kan bli delvis åpning eller åpning på eit seinare tidspunkt.     Dette  er noko vi skal avklare i løpet av dei neste dagane.