Status Giske kommune fredag 27. mars kl 12.00

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete

 Dagens tema:

- Legekontoret i drift
- Tid for tur!

Legekontoret i drift

Mandag morgen vil Giske Legesenter vere i full drift igjen. Alle fastlegane vil vere tilgjengelege, men det kjem til å vere nokre endringar i rutinene.

Ta kontakt med legekontoret på telefon 70 18 85 00. Då vil kvar enkelt få direkte informasjon korleis konsultasjonen skal foregå. Dette blir gjort for å hindre at mange vert samla på eit venterom og slik bli ei mogleg kjelde for smittespreiing.

Det er likevel alle grunn til å merke seg at legedrifta frå mandag er heilt som før og at alle skal ta kontakt akkurat som tidlegare.

Tid for tur

Ta helgaturen. I desse korona-tider er det viktig å komme seg i aktivitet. Med dei avgrensingane ein no har for samlinger av folk er det viktig at ein bruker kreativitet både med turmål og aktiviteter.

Sist helg var det for store konsentrasjoner av folk nokre stadar i kommuna. Spesielt gjorde dette at det vart parkert på områder som slett ikkje er tiltenkt dette. Dette MÅ vi unngå denne helga.

Start turen heimafrå, er rådet våre helsestyresmakter gir. Følg det. Og kanskje er tida inne for å ta sykkelen i bruk. Og ein skikkeleg vårpuss av sykkelen er ein svært god familieaktivitet. Kanskje det trengs.