Status Giske kommune 30. april

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete

Ingen nye positive koronaprøver registret i kommunen siste dagene. Testkapasiteten er bra. All testaktivitet vert styrt gjennom fastlege.

Tema elles:

 

  • Nye besøksreglar for omsorgssentra og bufellesskap
  • Sikker bursdagsfeiring

Nye besøksregler

På grunn av at smittesituasjonen i kommunen no er under betre kontroll, har ein no funne rom for å justere besøksreglane ved omsorgsentra og bukollektiva.
Frå og med 1. mai gjeld desse reglane:

Giske omsorgssenter, Vigra omsorgssenter, Godøy bufellesskap:

Omsorgssentra opnar for besøk ute, utanfor omsorgssenteret frå og med 1. mai 2020. Kommunen legg gjerne til rette for korte utendørs møter mellom bebuarar og pårørande når værforholda er gode. Omfanget avhenger av kapasiteten på det enkelte omsorgssenter. Besøk vert gjennomført utan personale til stades.

Under besøk gjelder desse smittevernreglane:

  • Pårørande tar kontakt for å avtale tid for besøk på førehand
  • Svært viktig at ein følgjer strengt smittevernreglane
  • Handvask før ein kjem på besøk
  • 1-2 meter avstand
  • Symptomfrie eller ikkje vore i nærkontakt med smitta
  • Ingen handtrykk
  • Ingen klemming
  • Max 2 samtidig
  • Ingen servering

Besøksreglane vert kontinuerleg vurdert.

 

Besøk bufellesskap:

Skomakervegen bufellesskap, Gudmundvegen bufellesskap og Reset bufellesskap.

Bebuarar i bufellesskapa kan gå tur og vere utandørs i lag med sine, så lenge ein overheld smittevernråda, m.t.p. hygiene, avstand 1-2 meter og kroppskontakt.

Vi oppmodar pårørande/ familie om å avvente besøk heim så lenge som mogleg. Om ein likevel vel å ta heim bebuarar på besøk, blir konsekvensen at bebuaren ikkje kan vere i fellesområde i bufellsskapa. Då gjeld dei vanlege karantenereglane mtp. tidsaspektet, altså 14 dagar etter besøk heim. Dette på grunn av at det bur og arbeider personar som er i risikogruppa i bufellesskapa og ein kan ikkje utsette desse for unødvendig smitterisiko.

Besøksreglane vert kontinuerleg vurdert.

 

Sikker bursdagsfeiring

Sjølv om vi har eit koronavirus i samfunnet  er det nokre veldig viktige dagar som må takast ekstra vare på. Og då tenkjer vi ikkje på 17. mai, men på bursdagane til barna. Det må sjølvsagt markerast.

Folkehelseinstituttet har sett opp nokre viktige punkt som bør etterlevast. Dersom det vert gjort meiner FHI det går fint å arrangere barnebursdag.

Utgangspunktet er smittevernreglane ein brukar i skulen: Det betyr at ein må halde seg til den gruppa ein høyrer til på skulen. Og sjølvsagt er det ekstra bra om ein kan arrangere selskapet utandørs.

Når det gjeld mat er det og slik at ein må servere mat i porsjonar.

Og kanskje aller viktigst:

  • ingen sjuke kan møte
  • god handhygiene
  • vaksne som er med å lager til selskapet må halde god avstand og svært god hygiene. Ikkje ver fleire vaksne enn heilt nødvendig.

 

God feiring.