Smittesporing i Giske

Endringar i smittesporing Giske

 

Frå måndag 31.januar, vil alle som registrerar sin positive hurtigtest få varsling per SMS om isolasjonstid. Tidlegare har alle blitt oppringt av ein smittesporar. Endringa vert gjort for å frigjere nødvendig kapasitet for å håndtere aukande positive resultat som blir innmeldt.

Bidra til smittesporing

Det er viktig at innbyggjarane bidrar til smittesporinga. Ein smitta skal varsle sine husstandsmedlemmar og tilsvarande nære, og øvrige nærkontakter. Nærkontakt er dei som den smitta har vært i lag med 48 timar før fyrste symptom eller positiv test.