Framleis viktig å teste seg! 
Testing for koronavirus, hurtigtest eller PCR test? 
 
Det er framleis viktig å teste seg ved symptom, også milde symptom
	- Hugs at ein kan få milde symptom når ein er vaksinert
 
	- Vaksinerte kan også bli smitta og smitte andre – ta ein test ved symptom
 
Test gjerne fleire dagar viss symptoma ikkje gir seg – den fyrste negative testen kan vere feil.
Viss du har mistanke om at du er smitta med koronaviruset, men har negative hurtigtestar – vurder å bestille time til PCR-test ved teststasjonen i tillegg.
Ved å påvise smitte så raskt som mogleg er ein med på å bremse spreiinga av koronaviruset – vi vil unngå at for mange blir smitta på ein gang.
Ved milde symptom kan vil ein telje dei seks dagane i isolasjon frå fyrste positive test – det vil difor kunne korte ned isolasjonstida å få tatt test raskt.
Informasjon frå Folkehelseinstituttet om symptom på koronavirus:
Covid-19 har ofte følgende symptomer
	- Feber
 
	- Hoste
 
	- Tung pust
 
	- Tap av smak- eller luktesans
 
	- Sår hals
 
	- Hodepine
 
	- Muskelverk eller sykdomsfølelse
 
	- Vaksinerte personer kan få milde forkjølelsessymptomer som tett eller rennende nese og nysing ved covid-19.
 
Meir råd om kva ein gjer ved symptom her:
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/hva_skal_du_gjore_ved_nye_luftveissymptomer/
    
      
        Publisert 20.01.2022 16.08