Fire testet positivt

Fire utenlandske arbeidere ved ei fiskeribedrift i Giske kommune testa positivt på Covid-19. Ein femte, som var i samme reisefylgje og bur saman med dei fire, har testa negativt. Alle fem blir testa på nytt tysdag.
 

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete

 

Dei fem kom frå utlandet med fly sist fredag, og har sidan då vore først i karantene, og etter den positive testen i isolasjon, i ein bustad dei disponerer. Ingen av dei fem har vore på arbeidsplassen etter ankomst til Vigra flyplass sist fredag.

Ingen av dei smitta er alvorleg sjuke.

  • Etter dei opplysningane vi har fått frå arbeidsgjevaren ser det ut som alle reglane om smittevern og smittesporing er etterlevd, seier kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen i Giske kommune.
  • Likevel er det alle grunn til å minne om smittevernreglene som gjelder for alle. Hold avstand, vask hendene og la deg teste dersom du har symptom.