Ein ny smitta

Det er meldt om ein ny positiv koronatest i Giske kommune søndag ettermiddag.
 

Illustrasjon fleire koronavirus på blå bakgrunn. - Klikk for stort bilete

 

Smitten er knytt til utbrotet i Ålesund med utgangspunkt ved Toldboden. Smittesporing er iverksett, men det ser ikkje ut til å vere mange nærkontaktar i kommunen.

Det er mange smitta i Ålesund etter samlinga på Toldboden helga 17. og 18. april. Kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen oppfordrar dei som har vore der desse dagane om å teste seg sjølv om dei ikkje har symptom.